Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Arkivplan for Herøy kommune

Fiskarkona

Føremål for arkivplan i Herøy kommune

Denne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2). For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Rullering av arkivplanen skal skje kvart 4. år og etter kommunevalet. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.

Det overordna ansvaret for arkiva er plassert hjå rådmannen. Arkivansvarleg har ansvar for arkivdanning og kommunen sitt eldre og avslutta arkiv. Arkivansvarleg har eit overordna arkivansvar også for dei arkiva som blir skapt ute på einingane, men det daglege og operative ansvaret høyrer inn under leiarane på einingane.

Rådmannen i Herøy kommune oppmodar alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

-rådmann-