Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Formål med arkivplanen

Arkivplanen dokumenterer arkivorganisasjonen, oppbygging av arkivet og reglar for korleis dette blir administrert i Herøy kommune. Arkivlova med forskrift ligg til grunn for rutinene og retningslinjene.

Tilsette som arbeidar med arkivet skal arbeide etter følgjande målsetting: 

·Arkivet skal vere ei oppdatert og tilgjengeleg informasjonsbase for saksbehandling og offentleg innsyn.

·Arkivet skal vere godt registrert og sikkert lagra.

·Arkivet skal på en trygg måte ivareta rettsleg og historisk dokumentasjon for ettertida.

Arkivplanen skal oppdaterast  kontinuerlig og bidra til at kommunen ivartar sitt arkivansvar etter arkivlovens §6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid".

Rådmannen har arkivansvaret.

Arkivleiaren har det daglege ansvaret for kommunen si arkivteneste. I kommunen er det rådmannen som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta § 1-1).

Laster...