Oppstilling i fjernarkivet.

  Utskriftsvennlig versjon

Materiale frå ulike arkivskaparar skal plasserast kvar for seg i tråd med proveniensprinsippet. Allment norsk arkivskjema er retningsgivande for korleis arkivseriane i eit arkiv skal stillast opp i arkivmagasin, i katalogar, på avleveringslister m.m.:

Arkivskjema

 

Kode Arkivserie

 

A Møtebøker, referatprotokollar, forhandlingsprotokollar o.l.

B Kopibøker

C Journalar og andre overgripande register

D Saksarkiv ordna etter K-kodenøkkel

E Saksarkiv ordna etter andre system (GAB)

F-O Spesialserie innafor kvar arkivskapar sitt fagområde

P Personalforvaltning (personalarkiv)

Q Eigedomsforvaltning

R Rekneskap

S Statistikk

T Kart og teikningar

U Foto, film, lydopptak

V Edb og mikrofilm

W Gjenstandar (stempel, modellar, faner)

X Eigenproduserte trykksaker

Y Andre utskilte seriar/arkivdeler

Z Referansemateriale (arkivliste, instruksar, avisutklipp m.m.)