Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Innsyn i dokument

Rutine for behandling av dokumentinnsyn

Offentleglova legg til rette for at offentleg verksemd skal være open og gjennomsiktig. Som følgje av dette pliktar vi, som offentleg verksemd, å behandle spørsmål om innsyn i forvaltningsorganet sine saksdokument.

  • Spørsmål om innsyn i dokument som ikkje er graderte skal sendast snarast råd (1-3 dagar)
  • Spørsmål om innsyn i dokument som er heilt eller delvis graderte skal journalførast på mappe "innsyn "årstal".

Dersom bestillar ikkje har fått svar innan 5 dagar kan dette sjåast på som eit avslag, og bestillar har rett til å klage. Om ein treng lengre tid for å avgjere spørsmålet om innsyet kan ein sende ut eit midlertidig svar om at innsynskravet treng noko lenger tid for behandling med ei kort forklaring om kvifor.

Innsyn i personopplysningar på vegne av andre

Dersom du ber om innsyn på vegne av andre, må fullmaktsskjemaet under her fyllast ut og sendast til oss.

Ved spørsmål om meirinnsyn skal førespurnaden rettast til saksbehandlar. Sjå § 11og §12  https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2006-05-19-16?q=offentleglova 

Innsyn i dokument skal som hovudregel vere gratis. Om antall kopier overstiger 100 i en og same sak, kan organet ta betaling - inntil ei krone pr. ark.

Sjå forskrift til offentleglova §§ 4 og 5 http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2008-10-17-1119

Saksbehandlar for dokumentet skal uttale seg og slik tekst skal sendast til bestillar om avslag:

Avslag på innsyn i dokument Journalnr:
Dokumentet du ber om innsyn i er unntatt offentlegheita med heimel i offentleglova §  jf. forvaltningslova §.
Avslaget om innsyn kan påklagast innen tre uker frå avslaget er mottatt, jf. offentleglova §32. Klagebrevet skal stilast til den instans som er nærast overordna det organet som har gjeve avslaget, (fylkesmannen) men klagen skal sendast direkte til Herøy kommune. Om avslaget på innsyn vert opprettholdt skal klaga sendast til fylkesmannen.

Med helsing

Laster...